|
Dei kommunale skulane i Voss herad nyttar sak/arkivsystemet Acos Websak til å lagre informasjon om elevane som går på dei ulike skulane i såkalla Elevmapper. Dette avløyser dei tradisjonelle papirmappene. Merkantilt tilsett ved skulen registrerer inn på rett elevmappe i sak/arkivsystemet informasjon som kjem direkte til skulen, på papir, e-post o.l. Lærarar har tilgang til å registrere inn og sende ut informasjon i/frå elevsaker på dei elevane som tilhøyrer sin klasse. Informasjon som vert sendt gjennom ulike kanaler (Altinn, papirpost m.m.) til Postmottak ved innbyggjarservice i Voss herad blir vidareformidla merkantilt tilsett ved dei ulike skulane via "Svarinnsak" i Acos Websak. Kvar skule har kvar sin "svarinnsak". Merkantilt tilsett overfører informasjonen til rett elevmappe. Elevmapper blir ikkje oppretta på alle elevar automatisk når dei startar i skulen, men kun når det kjem eit dokument vedr. eleven. Sak/arkivsystemet brukes i tillegg til å lagre informasjon av ein meir generell art. Dette lagres i saksarkivdelen av Acos Websak. Dette er informasjon som ikkje er unik for den enkelte elev, som klasselister, møtereferater frå ulike utval, personalinformasjon o.l. Instruks for registrering av elevmapper er under arbeid. |