|
Avdeling Innbyggjarservice mottek papirpost via ulike kanalar, Posten Norge (leverer post til Voss Tinghus kvar dag måndag til fredag), via postkasser ved inngangsparti og ved inngang Innbyggjarservice-arkiv (sjå rutinar og instruks Postkasser), postavlevering frå sjukeheimane, innlevering direkte i resepsjon o.l. Tilsette ved avdeling innbyggjarservice sorterer posten dagleg (måndag til fredag), og avgjer om posten skal opnast av dei eller om den skal omfordelast til avdeling/saksbehandlar i heradet alt ettersom kva det er. Omfordelinga skjer til postkasser i stativ som står utanfor døra inn til Innbyggjarservice-arkiv. Det er avdelingar/saksbehandlarar sitt ansvar at desse postkassane blir jamnleg tømt. Den opna posten blir registrert inn i sak/arkiv-systemet Acos Websak, og fordelt til ansvarleg saksbehandlar.
|