Glemt Passord?

Internkontroll

Internkontroll

Voss herad nyttar arkivplanen som internkontrollsystem for dokumentasjonsforvaltninga. Arkivplanen skal til ein kvar tid vere oppdatert, og speile heradets overordna strategi og oversikt over dokumentasjonsforvaltninga i heradet. Målsettinga er å bruka arkivplanen aktivt i den daglege drifta. 

Compilo er heradet sitt overordna internkontrollsystem. Dette systemet skal innehalda oversikt over rutiner og retningslinjene til dei ulike einingane i organisasjonen. Arkivplanen til Voss herad skal etterkvart nytta lenke til Compilo, slik at arkivfaglege rutiner og retningslinjer til ein kvar tid er oppdatert i heradet sin arkivplan. Dette er under arbeid.