Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort ei kartlegging av fylkeskommunen si samla arkivmengde på fylkeshuset og ute i skolane. Møre og Romsdal fylkeskommune har også utarbeida ein plan for ordning og listeføring av dei bortsette, eldre og avslutta papirarkiva. Kartlegginga er gjort i samarbeid med IKA Møre og Romsdal IKS (IKAMR). - Kartlegging av arkiv i fylkeskommunen - Kartlegging av kostnad. Konklusjon av kartlegginga: - Fylkeskommunen har 1 977 hyllemeter med arkivmateriale. Arkiva blir pakka ned og frakta inn til depotet av IKAMR sine tilsette. Dei vil deretter starte jobben med ordning og listeføring av arkiva. - Berekna kostnad for heile prosjektet er 13,5 mill.kr. IKAMR vil ha 2 tilsette i 7 år på denne jobben. Oppstart for prosjektet er satt til 2023 og ferdigstilling frå IKAMR si side er estimert til 2030. - Finansieringa for tiltaket er fremma i forslag til budsjett og økonomiplanen for perioden 2022-2025. Plana blir handsama og vedtatt på fylkestinget sitt desembermøte 2021. Arkiv frå tannklinikkane: - Tannjournalar på papir er henta inn frå dei aller fleste tannklinikkane. Det meste av dette er ferdig ordna, listeført og deponert til IKAMR. - Ordning av tannjournalar er eit arbeid som har vore gjort over dei siste 10 åra. Arbeidet vil være ferdig i løpet av 2023 Digitalisering av lønnsmapper: - Det er i løpet av 2020 og 2021 jobba med å digitalisere lønnsmapper. Dette er ein prosess som held fram og som blir ferdig innan utgangen av 2022. Arkiv på kulturavdelinga: - Det blei starta med digitalisering av papirarkivet ved kulturavdelinga i 2019. Da arkivet er i regelmessig bruk, vel ein å digitalisere det for å ha god tilgang til det. - Dette er eit arbeid som held fram inn i 2022 som eit samarbeid med IKAMR. |