Bruk av titlar ved registrering av sak/journalpost
•Titler skal utformast på ein slik måte at dei sikrar gjenfinning av informasjon både i notid og i framtid, samtidig som informasjonsdeling vert lettare.
•Gode titlar sikrar også at offentlig journal er forståelig og gir et godt bilde av kommunen sine aktivitetar. Lærdal kommune fremstår såleis ope og profesjonelt, og skapar god omdømebygging. •Titlene skal også gje moglegheiter til å hente ut gode rapportar og statistikkar fra WebSak som gjev et korrekt bilde av verklegheita. Skrivereglar:
1 Tittelen skal vere på nynorsk
2 Tittellinje 1 skal aldri innehalde opplysningar av sensitiv karakter/opplysningar som er underlagt teieplikt. I saker eller dokument som er unnateke offentligheita kan deler av tittelen skjermast ved å bruke tittellinje 2 og korrekt graderingskode. Den offentlige tittelen (linje 1) må likevel gje ei god beskriving av saka eller dokumentets innhold.
3 Tittelen skal innehalde sentrale ord og uttrykk som gjev ei god beskriving av saka eller dokumentets innhold.
4 Tittelen skal ikkje innehalde for eksempel «SV», «VS» «FWD» m.m. som følgjer med fra emnefelt i e-poster. Fjern desse.
5 Tittelen skal ikkje innehalde filekstensjon (for eksempel "*.pdf", "*.docx", "*.jpg", "*.doc"). Fjern desse. Gjeld også vedlegg.
6 Dersom sakskarakteren endrast skal også tittelen endrast.
7 Alle begrep skal som hovedregel skrivast helt ut. Forkortelser kan eventuelt komme i tillegg. Allment kjente forkortelser/akronym er tillatt.
8 Datoar skal skrivast med seks siffer med formatet DD.MM.ÅÅ. |
|