Glemt Passord?

Rutiner for mottak av e-post og papirpost - saksbehandlarar

Når det vert sendt e-post eller brevpost direkte til saksbehandlarar, så har saksbehandlar sjølv plikt på seg med å passe på at e-posten vert importert inn i sak- og arkivsystemet. Enten ved å importere e-posten på eiga hand, vidaresende til kommunen si offisielle e-postadresse eller levere brevposten til tenestetorget for skanning.

Det er Tenestetorget som handterer hovedpostmottaket til kommunen.
♦post@masfjorden.kommune.no (kommunen si offiselle e-post adresse)

 Det blir foretatt ei grovsotering og vurdering av innkomne e-poster.

1.            Grovsortering av innhald - reklame/spam vert sletta

2.            Vurdera om e-postar skal journalførast eller sendast vidare.

3.            E-postar som blir vurdert som ikkje arkivverdig, vert sendt til rette vedkommande. 

4.            E-postar journalført av tenestetorget vert markert med fargekategori "journalført" og deretter sletta frå innboksen. Då kan ein enkelt gå i mappa for "sletta elementer" for kvalitetssikring. 
               E-postar som vert vidaresendt til saksbehandlar knytt til dokumentet, vert markert med fargekode "avventar melding". Dei tilsette ved tenestetorget vil dermed sjå at e-posten er under behandling.

NB: Dersom innholdet er av sensitiv karakter, skal e-posten ikkje vidaresendast. Saksbehandlar kan sjå dokumentet hjå tenestetorget og saman vurdere kva sak dokumentet/e-posten eventuelt skal inn på.

Nokre spesielle e-posttypar:

Det er eigne reglar for korleis følgjande e-posttypar må håndterast ved lagring til sak/arkivsystemet: 

♦           Zip-fil - skal pakkast ut før enkeltfilane blir registrert

♦           E-post som vedlegg i e-post - vedlegg må opnast og journalførast som eige dokument. Websak godtek ikkje journalføring dersom e-postsymbolet "konvolutt" ligg som vedlegg.

♦           E-post med lenke til fildelingstjeneste - fildelingstenesta må opnast og enkeltfiler må importerast inn i sak/arkivsystemet.

♦           E-post med innsynskrav

♦           E-post med innsynskrav - rutine for handtering av innsynskrav er under arbeid

Etterarbeid:

Journalførte e-poster til post@masfjorden blir sletta etter kvart.

Ved mistanke om spam e-post:

♦           Svar aldri på en falsk e-post

♦           Ikkje klikk på lenker

♦           Legg aldri ved personlig informasjon

♦           Slett e-posten

♦           Hvis avsenderen er kjend, men e-posten har eit tvilsomt innhald, så skal den videresendast  IKTN for ein sjekk.  

Postmottak utanom dokumentsenteret:

E-post som er sendt direkte av saksbehandlar skal arkivvurderast av mottakar. Det er mottakar sitt eige ansvar å registrera e-posten i sak-/arkivsystemet etter gjeldande rutinar. Er mottakar usikker på om e-posten skal registrerast eller ikkje skal kan ein ta kontakt med tenestetorget eller sende e-post i retur for avklaring.