Offentleg journal er utforma slik at den gir oversyn over inn- og utgåande brev i saksarkivet samt saksdokument til politiske utval. Opplysingar unnateke offentlegheit er skjerma. Arkivdel for personalarkiv og elevarkiv er unnateke offentleg postjournal. Rådmannen har delegert fullmakt til saksbehandlar til å avgjera kva saksdokument som skal bli unnateke offentleg innsyn. Unntaka blir registrerte i sak-/arkivsystemet Public360 med lovheimel. Arkivtenesta føre særskilt kontroll med at ingen opplysningar underlagt teieplikt blir gjort tilgjengelege i elektronisk versjon med fulltektsdokumenter. Inn- og utgåande brev er søkbare på elektronisk postjournal i 1 år. Voss kommune publiserer offentleg journal og fulltekstdokument på Internet. Arkivtenesta gjer difor ei førehandsklassering før publiseringa. Det er ekstra viktig at ein er nøyaktig i offentlegvuderinga og nytter rette og fullstendige lovheimlar ved publisering av fulltekstdokument på nett, slik at t.d. sensitive personopplysingar ikkje blir tilgjengeleg for publikum. |