Sakshandsamar kan opprette ny sak i Public360. Arkivet legg inn arkivkode på saka og endrer frå status R til status B. Som hovudregel skal ikkje sak graderast. Sakshandsamar skal
- velge korrekt sakstype
- knytte saka til rett arkivdel.
- føre på referansar og eventuelt knytte saka til prosjekt.
Når sakshandsamar oppretter sak skal den få saksstatus R - Reservert. Sakshandsamar skal velge status AS - Avslutta av sakshandsamar når ei sak skal avsluttast. Før avslutning må alle inngåande journalpostar vere avskrivne og utgåande dokument vere ekspederte/ferdige. Dersom sakshandsamar ønskjer å opne ei avslutta sak skal ein kontakte Arkivtenesta. Dokumentsenteret oppretter saker ved registrering av 1. inngåande dokument i ei sak, eller på bestilling av sakshandsamar. Dokumentsenter skal :
- Velge korrekt sakstype
- Evt. legge inn gradering og lovheimel for gradering (kunn unntaksvis gradering på saksnivå).
- Legge inn sakstittel
- Evt. legge inn referansar og kople til prosjekt
- Legge inn ansvarleg på saka
- Velge journalenhet og arkivdel
- Legge inn arkivkode
|