Glemt Passord?

Utgåande post

Brev frå Voss kommune skal sendast som offentleg dokument og innehalde logo, arkivkode og journalnummer og øvrige kjenneteikn. Dokument som er unntatt offentleg innsyn skal ikkje sendast som e-post utan at dei er kryptert. All post skal journalførast i elektronisk arkiv, fagsystem eller manuell journal.

Svare på journalpost / opprette utgåande brev

Sakshandsamar skal ekspedere eigne utgåande brev, interne notat og utgreiingar. Framgangsmåte for dei ulike funksjonane i systemet skal følgjast.

 Sakshandsamar skal også

  • føre på mottakarar og kopimottakarar
  • føre på dokumenttype
  • utføre offentlegvurdering og påføre lovheimel og korrekt tilgangskode. Dersom ein er usikker på offentlegvurdering skal ein ta kontakt med avdelingsleiar/dokumentsenter

Inntil dokumentet er klart for utskriving og ekspedering skal journalposten ha status R

Når dokumentet er ekspedert via SvarUt eller utskrift får det status E.

Sakshandsamar skal avskrive alle journalpostar som vedkommande er ansvarleg for uavhengig av avskrivingsmåte.

Utgåande e-post

Sakshandsamar skriv svar i sak/arkivsystem og sender svar på e post via SvarUt eller registrerer utgåande e-post på korrekt sak via Outlook-tillegg i Public360.

Interne dokument og notat

Interne notat skal handsamast som ekstern post. For korrespondanse mellom avdelingar/seksjonar som er knytt til systemet nyttar ein dokumenttypane X og N.

Er den eine avdelinga/seksjonen ikkje knytt opp mot systemet, nyttar ein dokumenttypane U og I som for ekstern korrespondanse. Sakshandsamar sender ut notat via sak/arkivsystem.

Manuelle journalar og fagsystem

Arkivtenesta på avdelingar som ikkje er knytta til Public360  fører utgåande post i manuelle journalar/fagsystem.

Sakshandsamar fører utgåande post i fagsystem.

Originaldokument som vert journalført i fagsystem må skrivast ut /arkiverast i papirarkiv tilhøyrande fagsystemet (unnatak for Noark-godkjende elektroniske fagsystem)

Når ei sak er ferdig handsama i fagsystemet skal dokumenta arkiverast i tilhøyrande papirarkiv. Før arkivlegging skal mappa reinskast, dvs. at binders, kladdar, notat og liknande vert fjerna.