I samband med kommunesamanslutninga mellom Voss kommune og Granvin herad vart alle aktive arkiv, både på papir og elektronisk, avslutta. Papirarkiv: Granvin herad: Alt papirarkiv etter Granvin herad er flytta frå Heradshuset i Granvin til Tinghuset på Voss. Dei avslutta seriane vil bli ordna og listeført før dei samla blir avlevert depot hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland. Ansvarleg for arbeidet med ordning og avlevering av arkivet er fagansvarleg for arkiv i Voss herad. Voss kommune: Arbeidet med å ordne og listeføre arkivseriar etter Voss kommune pågår både på Tinghuset på Voss og ute på dei ulike einingane. Fagansvarleg for papirarkiv har ansvar for å ordne og listeføre dei seriane som er plassert i magasinet på Voss Tinghus. Fagansvarleg for papirarkiv har også ansvar for å rettleie dei som ordnar ute i dei ulike einingane. Ferdig ordna og listeførte arkivseriar blir avlevert Tinghuset fortløpande. Voss herad har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland om at arkivseriane etter Voss kommune avleveres til depot etter type: Administrativt arkiv (felles saksarkiv 1999-2006/2007-2015, kopibøker, postlister, møteprotokoller ol.) Oppvekst (elevmapper, barnemapper, PPT-mapper, barnevern-mapper o.l.) Helse og sosial (Morsmapper, helsestasjon o.l.) Tekniske tenester (Gardsarkiv, vegarkiv, byggjesakarkiv o.l.) Elektronisk: Eit uttrekk av dei ulike elektroniske fellessystema (brukt i Granvin herad og Voss kommune) er avlevert i kopi til Interkommunalt arkiv i Hordaland. |