Voss herad blir styrt etter formannskapsmodellen, der øvste organ er Voss heradsstyre. Heradsstyret har 43 representantar. I tillegg til heradsstyret utgjer Utval for levekår, Utval for klima og miljø og Utval for kultur og næring den politiske styringa i heradet. Politiske utval har delegert mynde til å gjera vedtak og innstilling til heradsstyret. Dei skal handsama saker innanfor ulike fagområde. Voss herad har i tillegg tre kommunale råd som vert utnemnde for kvar valperiode. Dette er lovpålagde råd: Eldrerådet, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Ungdomsrådet. Kommunale råd har ein rådgjevande funksjon for kommunen, og har rett til å uttala seg om saker som gjeld deira brukargruppe. Ordføraren er heradet sin fremste folkevalde og rettslege representant. Politisk sekretariat er plassert på Stab Innbyggjarservice. Nettside Voss herad: Politikk og administrasjon Politikk - Voss herad |