Glemt Passord?

Daglege post- og arkivrutinar for sentralarkivet

RUTINAR

Inngåande post:

· Lærdal kommune har frå 01.03.21 sentralt postmottak. All inngåande post vert opna av arkivpersonale på tenestetorget. Det vert utført arkivavgrensing Jfr arkivforskrifta § 14.

· Dokument som er arkivverdige vert scanna og journalførde.

Ved journalføring får sakshandsamar dokumentet i sin innboks i Acos. Sakshandsamar må vidare gje tilgangar og kopiar til andre sakshandsamarar.

Originaldokument vert sett i ringperm etter dato, og oppbevart i 3 mnd som ein sikkerheitskopi.

Personleg adressert post: Når personnamn er nemnt før namnet til den kommunale eininga, skal brevet leverast uopna til rette vedkomande.

Medarbeidarar som mottar personleg adressert post som syner seg å vere eit saksdokument, skal straks levere denne til arkivtenesta for registrering.

Elektronisk post (e-post):
Dersom sakshandsamar mottek arkivverdige dokument på e-post, skal denne journalførast i Acos.

E-postar skal handsamast som vanleg post og overførast til eksisterande eller ny sak i Acos. Arkivet journalfører.

Arkivet mottek elektronisk post i kommunen si epost-adresse og via elektronisk mottak frå SvarInn og Altinn  (Acos mottak).

Utgåande post:

Sakshandsamarane ekspederer sjølve utgåande brev som vert fanga opp i Acos og vert journalførde av arkivtenesta.