Organisering av arkivtenesta Arkivtenesta i Sveio kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle eininger i kommunen. Lokalisert på kommunehuset i Sveio. Alle arkiv utanom sakarkiv, er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk. Sakarkiv er fullelektronisk frå 01.04.2012. Med tida vert meir av sakshandsaming og arkiva i Sveio kommune fullelektroniske. I 2014 har me prøveperiode på gnr./bnr.arkiv. I eit elektronisk arkiv vert dokumenta elektronisk produserte og lagra dokumenta, dei originale og gyldige versjonar. Arkivskapere i Sveio kommune Følgende arkivskapere skal bygge opp og halde vedlike arkivserier i kommunen; 1. Sentralarkiv Sakarkiv for heile kommunen. • GNR/BNR arkiv for Plan og næring • Eigedomsarkiv • Avtalearkiv • Personalarkiv • Møtebøker • Offentleg journal 2. Barnevern • Klientarkiv 3. Nav • Klientarkiv sosial 4. Skule- og barnehagekontoret • Elevmapper spesialundervisning barnehage • Elevmapper elevar i andre kommunar (refusjonar, spesialundervisning) 5. Helse og rehabilitering (frå 2014) • Helsestasjonen • Legekontoret • Rehabilitering • Åsvegen • Stemhaugen 6. Sveio omsorgsenter • Omsorg 7. Sveio skule • Elevarkiv 8. Auklandshamn skule • Elevarkiv 9. Vikse skule • Elevarkiv 10. Valestrand oppvekstsenter • Elevarkiv 11. Førde skule • Elevarkiv 12. Lid skule • Elevarkiv fram til 01.08.2014 Alle arkivskaperer skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen. |