Glemt Passord?

Soppskader

Arkivmateriale vert utsett for sopp når det vert oppbevart i fuktig miljø.

Høg temperatur aukar tempoet i sopputviklinga. Dersom ein oppdagar arkivmateriale med sopp, så må ein straks flytta materialet til ein tørr stad. Flytt ikkje soppangrepet arkiv saman med materiale som er utan sopp.

Soppangrep på papir kan ha fleire slags utsjånad og fargar. Det kan vere svart, brunt, rosa/lilla, ferskenfarga m.m.

Sopp skal fjernast fysisk, med støvsugar. Ein må bruke sentralstøvsugar eller støvsugar med hepa-filter, slik at soppsporane ikkje berre går gjennom støvsugaren og ut i lufta igjen. Aller helst bør støvsuginga gå føre seg ute eller i rom med avtrekk. Sopp kan vera helsefarleg (jfr. soppskade i hus som kan føre til bl.a. luftvegsplager og hovudverk) så det er viktig å ta førehaldsreglar, særleg dersom det er mykje sopp.

Dersom det er veldig lite sopp, kan ein bruka ein tørr klut for å tørka det vekk.